Skildring
Sheasmør er laga av nøttene frå shea-treet som veks i eit belte sør for Sahara. Tradisjonelle bruksområde for smøret i si naturlege formhar vore behandling av eksem, babystell, fuktighetskrem, lindre stikk og solbrent hud, og det har ein betennelsesdempande effekt. Her er sheamøret blanda med avocadoolje for å få ein meir smørbar konsistens. Avocadoolje er rik på vitamin, og er rekna for å vere svært god på tørr hud med eksem, og aukar huda sin produksjon av kollagen.
Innhald: uraffinert økologisk sheasmør, økologisk avocadoolje og e-vitamin (konservering).
Anne-Mette (godkjent eigar) –
Shea er det eneste som holder leggene mine fuktet. Avocadoen gjorde den mye mer medgjørlig og smørbar enn bare rent sheasmør. Sliter du med tørr hud anbefales denne virkelig.
marit.schweiker (godkjent eigar) –
Denne kremen er min favoritt. Veldig bra på veldig tørr hud, men like god for ikkje tørr hud. Følast deileg ut, lukter godt, er veldig sparsamt i bruk og kan godt kombinerast med Ringblomsalve. Gullmedalje!