Sjampoen finst to variantar:
:: med brennenesleutrekk – for mørkt hår – brennenesle styrkjer hårrøtene og motverkar flass. Ho gjer også håret blankt og fyldig, reinser og stimulerer blodsirkulasjonen.
:: med kamilleuttrekk – for lyst hår – Kamille er kjend for å lysne hår, skal også dempe kløe og utslett.
Elles inneheld sjampoane det same:
Sulfat – mildt såpestoff basert på kokos og palmekjerneolje. 99-100% nedbrytbart
Guarmjøl – tjukningsmiddel og verkar antistatisk, gjer håret mjukare og lettare å gre ut.
Aloe vera – av økologisk dyrka aloe. Verkar mjukgjerande, lindrande og gjennoppbyggande.
Brennesletinktur – motverkar flass.
Pantenol pro vitamin B5 – verkar regenererande, reparerande, fuktighetsbevarande og vernande
Natriumbenzoat – til konservering, nedbrytbart, ingen kjende bivirkningar
Eterisk oje av lavendel, bergamott, peparmynte og rosmarin – eterisk olje av lavendel har ein styrkjande, roande og lindrande effekt på kropp og sinn. Ho verkar hudlækjande og smertestillande. Eterisk olje av bergamott verkar stabiliserande på humøret. Eterisk olje av rosmarin stimulerer hårveksten.
Sitronsyre – brukas for å senke pHen
Sjampoen har ein pH på omlag 4, det gjer miljøet for surt for dei fleste bakterier og muggsoppar, samtidig som det er gunstig for huda. Eg anbefalar likevel at sjampoen vert brukt opp i løpet av 6 månader. Då dette produktet inneheld vatn ser eg meg nøydd til å bruke litt natriumbenzoat til å konservere sjampoar og dusjsåper. Desse er utsette for muggsoppar då dei inneheld vatn og dei oppbevaras i varme miljø. Natriumbenzoat er er natriumsalt av benzosyre som fint naturleg i mellom anna benzoeharpiks og tytebær.