Tida er kommen for ei utviding av bedrifta, større produksjonslokale og ein eigen butikk. I hovudsak treng me no litt ekstra å rutte med for å få bygge eit funksjonelt kjøken, og å innreie ein liten butikk i Rosendal sentrum. I butikken vil det vere mogeleg å få kjøpt produkta til Rein hudpleie, men også andre økologiske og miljøvenlege varer. Sommarstid går det an å nyte ein kopp med noko varmt på den fine uteplassen.
Større produksjonslokale vil gjere det mogeleg å auke produksjonen, og få produkta ut i fleire butikkar. I tillegg vil betre plass gjere det lettare å eksperimentere og få prøvd ut ideear til nye produkt.
Eg har laga ein folkefinaniseringsplan her, og eg håpar at de vil vere med meg i dette nye eventyret! Alle små og store bidrag mottas med stor glede!