Posted on

Phenoxyetanol

Phenoxyetanol er eit konserveringsmiddel som no vert brukt i mange produkt som er merka som parabenfritt.  Dette er ei fargelaus, oljete væske som er antibakteriell. Det vil seie at produkt som fort kan mygle då dei inneheld vatn får auka haldbarheit når dei vert tilsett phenoxyetanol. Industrien hevdar at dette konserveringsmiddelet er mildare og mindre skadeleg enn parabener. Likevel vert det rekna som «moderate hazard», altså middels farleg. Phenoxyetanol er knytta til mellom anna kreft, allergi, det er svært irriterande for auger og slimhinner, irriterande for lungane og huda. I dyreforsøk har mus som har vore utsett for dette middelet fått cellemutasjonar.

Phenoxyetanol vert rekna som ein hormonhermar (endocrine disruptor) som altså kan gi hormonforstyrringar, og vert spesielt knytt til problem med reproduksjon. I tillegg til å kunne skape problem for menneska som brukar produkt med hormonhermarar så skapar dei enorme problem for livet i vatn der konsentrasjonane byrjar å verte store. Hugs at sjølv om eit produkt gir seg ut for å vere økologisk så er det ingen garanti for at dette produktet ikkje inneheld konserveringsmiddel som phenoxyetanol.

For meg er dette gode nok grunnar til at eg vil unngå phenoxyetanol i mine produkt. Dette gjer at dei får kortare haldbarheit, og det begrensar kva slags produkt eg kan lage. Eg skjønar at nokre produsentar brukar dette for å auke haldbarheita, men dei produkta prøver eg å unngå og eg unngår iallefall å bruke dei på ungane mine.

Internett er som vanleg fullt av info i både den eine og andre retningen. Eg vil anbefale alle å lese litt og gjere seg opp si eiga meining.

Toxic-Cosmetics_edited-1