Endeleg er solkrem med faktor 20 på plass. Eg kjem til å lage faktor 10 også, tillegg til å ha ansiktsolje med solfaktor. Denne solkremen brukar tiosol som er finkorna titandioksid som solfilter. Dette er eit fysisk solfilter og ikkje eit kjemisk. Det legg seg utanpå huda og verner mot UV-A og UV-B-stråler. Titandioksidet i tiosolen absorberer og reflekterer stålene frå sola. Tiosol er også eit solfilter som ikkje er kjent for å skape allergiske reaksjoner. I tillegg inneheld den bivoks for å gjere den vassavvisande. Sheasmør, jojobaolje og mandelolje sørger for å gi masse næring til huda, e-vitamin førebygg danninga av frie radikaler som aldrar huda, a-vitamin vernar mot solskade og soleksem. Karotin gjer solkremen litt gul slik at den ikkje viser så godt igjen på huda.
Eg anbefalar at ein smørjer seg jamnleg for å vere på den sikre sida. Produktsida venter på ein oppdatering, tida går så frykteleg fort om dagane!
No er me iallefall klare for sommaren her i huset med ein solkrem som pleier huda i tillegg til å verne den! Vil du prøve?