Då bør du prøve sheasalven. Den kan du fint bruke som fuktighetskrem og kuldekrem. Salven trekk ganske raskt inn i huda, og sjølv om den er feit så blir du ikkje spesielt blank i fjeset. No får tida bruker me denne i ansiket heile familien, gjerne fleire gongar for dagen. Då den ikkje inneheld eterisk olje egner den seg godt til allergikarar.
Sheasmør er laga av nøttene frå shea-treet som veks i eit belte sør for Sahara. Tradisjonelle bruksområde for smøret i si naturlege formhar vore behandling av eksem, babystell, fuktighetskrem, lindre stikk og solbrent hud, og det har ein betennelsesdempande effekt. Her er sheamøret blanda med avocadoolje for å få ein meir smørbar konsistens. Avocadoolje er rik på vitamin, og er rekna for å vere svært god på tørr hud med eksem, og aukar huda sin produksjon av kollagen. Salven inneheld ikkje vatn eller eterisk olje. Egner seg på tørr hud og eksem. Kan fint brukas som kuldekrem, egner seg også til massasje.
Innhald: uraffinert økologisk sheasmør, økologisk avocadoolje og e-vitamin (konserveringsmiddel).
Inneheld 50 ml
Sheasalven kan du kjøpe her