Posted on

Kokosolje og heimelaga grynblanding

Eg brukar kokosolje i fleire av Rein hudpleie-produkta. Olja eg brukar er økologisk og kaldpressa. Kokosolje er fast i vanleg romtemperatur som gjer at den gir konsistens i til kremar og salvar. Men viss den vert varma opp vert den flytande. Derdor kan du risikere at leppepomaden smeltar viss du har den i lomma.Kokosolja eg brukar har ein herlig luft av kokos, det er ingenting som lukar så godt som ein kjele med varm bivoks og kokosolje på komfyren.

Måten kokosolja vert laga på er at heile fine nøtter vert skrella, og alt det brune skalet fjerna. Det kvite kjøtet vert kverna og tørka på lag temperatur. Dette er for å fjerne vatnet i kokoskjøtet. Etter tørkinga vert kokoskjøtet pressa for å få ut olja, også filtrert for å få ut alle partiklane.

71257

Grunnen til at eg likar å bruke kokosolje i produkta mine er som sagt tidlegare at det gir ein fin konsistens til salvar, men i tillegg har kokosolja masse gode eigenskapar i seg sjølv. For det første gir den ein masse fuktigheit til huda, og i mange land der kokos vert dyrka brukar dei rein kokosolje som fuktighetskrem. Kokosolje er rekna for å vere veldig gunstig å bruke viss du har hudproblem som eksem, psoriasis, tørr hud, kløe eller hudinfeksjonar. I tillegg til alt dette så er det også ei veldig fin olje å bruke i matlaging. Den skal vere helsebringade på mange måtar, og er rekna for å vere i av dei sunnaste matoljene. Det masse å lese om kokos på nettet, til dømes her.

Men dersom den skal varmebehandlas bør du ikkje bruke jomfrukokosolje. Her oss oss brukar me kokosolje til steiking, og nokre gonger til baking. Oftast brukar eg den på heimelaga musli som er populært både til frukost og kvelds her i huset vårt. Viss du er frista til å prøve så får du oppskrifta her. Dette er ei grunnoppskrift, men her kan du bruke dei gryna og nøttene som du likar, varier gjerne med solsikkefrø og graskarfrø. Rosiner og anna tørka frukt må du tilsette etter at muslien har blitt kald.

Rista grynblanding med kokosolje

1 liter havregryn
2 dl sesamfrø
2 dl kli
2 dl hakka mandler og hasselnøtt
3 ss kokosolje
1 dl lønnesirup eller honning
pittelitt salt
1/2 ts kanel om du vil

Smelt kokosolja og bland den med lønnesirup eller honning. Bland alt det tørre og ha i ei langpanne, tøm over oljeblandinga og bland godt. Dersom du vil kan du ha ei ss peanøtt eller mandelsmør oppi olja mens den smelter. Bak blandinga i ovnen, 160 grader i omlag ein time. Rør rundt av og til for å passe på at alt vert rista jevnt.